Mistydingar om norsk målsoge
Eg nyttar ikkje nynorsk dagleg, men har alltid vore glad i skriftmålet, særleg i dei meir klassiske formene, t.d. Vinje, Garborg, Eskeland, Vesaas var mindre klassisk, men ein gud på jorda.
Greitt, då er me på same side: Me er alle glade i nynorsk.
Likevel meiner eg at mykje av agget mot bokmål i målrørsla, og kanskje særleg på denne subredditen, er grunna på ei rekkje mistydingar. Eg skjønar godt at ein som nordmann kan kjenna at dansken er djevelen, men me bør ikkje mista gangsynet.
1) Det er sogelaust å segja at det danske riksmålet som vart skrive i Noreg ikkje var norsk. Det danske riksmålet var fram til 1400-talet svært konservativt. Til dømes skreiv danskane med sokalla harde konsonantar, sjølv om ljodbrigdet til dei blaute hende på 1100-talet. Frå 1400-talet var det danske skriftspråket lite standardisert, og kvar forfattar skreiv i stor mon på sitt eige vis. På denne tida ser me mange ulike måldrag i skrifta, til dømes jyske måldrag som på mange måtar liknar vestnordisk (me kjem tilbake til jyske). Først fra 1600-talet byrja ei standardisert og moderne dansk skrift å oppstå. Viktige figurar i denne soga er danske Peder Syv, norske Petter Dass og liknande. Desse forfattarane skreiv på samme språk, med sitt eige lokale preg; dei las kvarandre og påverka kvarandre, til og med over Skagerak. Men kolossen i dansk litteratur, og sjølve Shakespeare-en for dansk skriftkultur, er likevel Ludvig Holberg, som var norsk. Ta det innover dykk: Personen som påverka moderne dansk skriftmål mest, var norsk. Etter denne tida brukte norske forfattarar det såkalt danske målet til å skriva stor litteratur, som ikkje kunne ha vore skriven om forfattarane ikkje kjende seg heime i språket. Wergeland, Bjørnson og Ibsen var forfattarar av internasjonal kaliber. Les noko Wergeland, les ifrå Peer Gynt, og seg då at dansk riksmål ikkje romma norsk! Det romma norsk, for det var ein naturleg del av norsk skriftkultur, utvikla av nordmenn. Kanskje utanom H.C. Andersen kan me segja at dei som meistra dansken best, og skreiv den største litteraturen på dansk, var nordmenn. Det var dei som utvikla språket mest. Den danske skriftkulturen var altso ein felles arv, som nordmenn kjende seg heime i med små modifiseringar.
2) Sjølv om me er glade i nynorsk, og høgnorsk for den del, så må me vedgå at språket nettopp er konstruert, dvs. skipa av ulike former frå ulike dialekter på ein uorganisk måte. I motsetnad til dansken, som fram til 1907 vart utvikla av norske forfattarar, vart nynorsken skipa mesta som eit tankeeksperiment. Som me alle veit, likte Ivar Aasen dei vestlandske dialektane best, fordi han meinte dei var meir opphavlege, og mindre fordanska. Det merkelege er at dei typisk vestnordiske draga, ikkje er unike for norsk, men finst i svenske og danske dialektar, og at dei typisk danske draga, ikkje hende i norske dialektar på grunn av dansken, men på grunn av svært utbreidde ljodbrigder i skandinaviske mål.
La oss se på eit par døme:
- Typisk vestnordisk drag er omlyd i verb av typen stela - stal - stole (mot dansk og svensk stjålet/stulit). Dette draget er klassisk òg for vestdanske dialektar, til dømes jysk og fynsk.
- Typisk norsk drag er trekjønssystemet. Men trekjønssystemet har både på dansk og svensk vore det vanlegaste systemet fram til utpå 1900-talet, sjølv om skriftspråka nyttar sokalla felleskjøn eller utrum.
- Typisk dansk drag er monoftongering av au, øy og ei til ø og e. Dette draget finst likevel i norske dialektar som østfoldsk og nokre trøndermål.
Både monoftongering og blaute konsonantar var dessutan prestisjemarkørar både hos norske og svenske (som hadde eiga monoftongering) skribentar, allereie før dansketida.
Nynorsken er ikkje representativ for korleis norsken ville ha utvikla seg om det ikkje var for dansketida, fordi nynorsken er bygd på dialektar frå plassar som ikkje akkurat var maktas kjerneområde. Eit sjølvrådande Noreg kunne like godt ha utvikla monoftongering og tokjønssystem i skriftspråket, akkurat som Sverige og Danmark, med påverknad frå dei byane og fylka som hadde mest makt (Bergen hadde tidleg to kjønn, medan Trøndelag tidleg hadde monoftongering), og noko påverknad frå grannelanda Sverige og Danmark.
Dette er noko av grunnen til at nynorsken har utvikla seg til eit skriftspråk som stort sett vert nytta i fjellbygdene på Austlandet og på Vestlandet. Aasen, og seinare målmenn, har prioritert dialektar og ordformer som liknar formene i ei viss form for norrøn, altså kva islendingar skreiv på 1200-talet. Eg segjer ikkje at det er eit tilfeldig val, men det vil til dømes ha vore lite representativt for dei norske talemåla på 1200-talet langs den austlandske kysten, før dansketida. Den store islandske forfattaren Halldor Laxness likte ikkje nynorsk nettopp av denne grunnen. Han meinte at nordmennene stal den islandske kulturarven ved å lata som om at dei islandske sogene skulle vera grunnlaget for moderne norsk mål. Han kalla nynorsken "ein full svenske som prøver å snakka gamalislandsk".
Dette er òg noko av grunnen til at nordmenn og norske forfattarar alltid har følt seg meir heime i dansken og seinare bokmålet (som de framleis, og med rette, kallar dansk eller dansknorsk). Bokmålet vart utvikla gjennom 500 år av skrivande nordmenn frå alle landsdelar, medan nynorsken i stor mon har utvikla seg til ein standardisert vestlandsdialekt. Eg vedgår at vekslande regjeringar og språkråd/språknemnd må få noko av skylda for dette, men endå so glade me kan vera i nynorsken, vert det feil å skilja mellom ein "norsk" nynorsk, og eit "unorsk" bokmål, med mindre me vil segja at Dass, Holberg, Wessel, Wergeland, Ibsen, osv. osv. ikkje var norske.
Ein annan ting er at me ofte går altfor langt i å framheva skilnadene mellom ulike skandinaviske språk, når dei eigentleg er svært, svært like, og dei har alltid utvikla seg i kontakt med kvarandre. Vår tid er kanskje den tida med minst språkkontakt mellom dei skandinaviske landa, og det er ei trist utvikling. Skandinavisk påverknad er vel i alle høve betre enn anglo-saksisk.
Her kjem eit viktig atterhald: Eg har ikkje orka å finna kjelder på påstandane her. Ingen av påstandane seier noko spesielt omtvista. Dei kjem av mange års lesnad, og eg likar ikkje å nytta KI, korkje for å skriva eller for å faktasjekka. Alle fakta- og språkfeil kjem frå meg, og ikkje ei datamaskin. Ta det som tankevekkjande eller tankespinn; det er opp til dykk. Eg skjønar at mykje anti-dansk/anti-bokmål innhold her på Reddit er godlynt "banter", og at eg kanskje tek det for alvorleg. Men er me skandinavar om me ikkje tek ting for alvorleg?


